Varsel om endring av plangrense Lunden, Eid kommune

Utvida varselområde 23.11.2017 - Reg Lunden.jpg

Som grunneigar/rettshavar vil ein med dette og i samsvar med Plan- og bygningslova §12-
8, varsle Dykk om endring og utviding av plangrense jf. tidlegare varsla oppstart av privat
reguleringsplan for område B21 - Lunden i Eid kommune. Det er Ose Ingeniørkontor AS
vegne av Din Bustad AS som er reguleringskonsulent for området som det visast til under.

Planområdet er vist med stipla strek på kartutsnittet, og det utvida område er vist med
skravur (vedlegg 2). Utviding av planområdet grunnast i vedtak frå Teknisk – og
samfunnsutval om at tilkomst til bustadområdet skal skje frå nord og ikkje via Gjerdevegen,
Lundenvegen og Bankgata som i innsendt planforslag.

Planarbeidet vart fyrste gong varsla 30.12.2016. I møte med Teknisk- og samfunnsutval den
24.10.2017 vart det vedtatt at planen skulle sendast tilbake til utbyggar med pålegg om å
betre trafikkløysingar, m.a. med tilkomst og avkøyrsle i nord: Rådhusvegen/RV15/E39. Med
grunnlag i vedtaket varslast det difor om utviding av plangrense over gnr/bnr 44/329 og
vidare austover til Rådhusvegen. Frist for å kome med merknadar er 27.12.2017.

Utviding av planområdet gjeld gnr/bnr 44/329, del av 44/330 og regulert felles veg som
går over eigedomane 44/530 og 44/576 fram til Rådhusvegen. Tidlegare varsla
regulering av Gjerdevegen og Lundenvegen går ut.


Eigedom gnr/bnr 44/329 er planlagd nyttast til tilkomstveg med ev. rampe til
parkeringskjellar og parkeringsareal med gjesteparkering til planlagt bustadprosjekt på
gnr/bnr 45/236. Areal som ikkje vert nytta som tilkomst eller parkering vert opparbeida til
grøntareal. Det aktuelle utvidingsområdet har eit totalt areal på ca. 5,9 daa.

I kommuneplanen sin arealdel ligg området inne som Bustadformål B21 med vegtilkomst
frå nord (sjå vedlegg 1). Ein mindre del av planområdet ligg innanfor område F/K/T i
reguleringsplan for Skaffarmarka. Varslingsområdet er i hovudsak lagt etter
eigedomsgrenser. Det kan verte ei mindre justering av plangrensa i samband med
frisiktsone m.v. Det er avklart at utvidinga ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller
planprogram.